Hytte Ål

Ungdom satser på fjellhytte finansiert gjennom AirBnB

Sjøhytter sel godt denne sommaren. Men også i fjellet melder eigedomsmeklarane om stor interesse og høge salstal.

Interessante trekk ved utviklinga i fjellmarknaden er at også unge i alderen mellom 20 og 30 år satsar på hytte i fjellet og at mange tenkjer å finansiera kjøpet til dels med utleige gjennom AirBnB. Sjølv enkle fjellhytter går over prisantydning.

Hytte ål 2
Denne hytta har Privatmegleren for salg i Ål for 4 mill. kroner. Foto: Privatmegleren/finn.no

- Artig at det gså går tomter

– Folk er på hyttejakt og det er mange om beinet. Me har i sommar hatt fleire fritidsbustader som har gått godt over takst og har seld litt av alt. Både fritidsbustader nær skianlegg, enkle hytter utan vatn og avløp på fjellet som tomter. Det er artig at det også går tomter, som er eit godt teikn på at det blir bygd og at det er marknad for hytter. Etterspurnaden er heilt klart større enn tilbodet, så me skulle heilt

klart hatt fleire fritidseigedomar å selje. No er det ein sunn marknad å selje i og ei god tid å gjera det på, seier Svendsen-Rosendal hos Eiendomsmegler 1 Fjellmegleren AS til Hallingdølen. Han har den største marknadsdelen i Hallingdal, ligg an til å få det beste hyttesalsåret på lang tid, kanskje nokon sinne, skriv avisa.

Mange kjøparar mellom 20 og 30 år

Eigedomsfullmektig Susanne Østro ved DNB Eiendom si avdeling i Hallingdal, fortel at ein god vårsesong brukar å vera frå januar til mai. I år har det vore godt med sal ut i juni, men litt meir stille i juli.

– Det er eit tydeleg generasjonsskifte. Mange av kjøparane er mellom 20 og 30 år. Det kan vera familiar og turmenneske. Det er artig å sjå at yngre folk kjem til Hallingdal som resultat av utviklinga av både aktivitetar og opplevingar, fortel Østro.

Øyvind Kvile i Privatmegleren fortel til Hallingdølen at 2016 har vore knallbra. Han merkar seg at det er ei god spreiing av kjøparar frå folk i 30-40-åra til pensjonistar som vil inn på hyttemarknaden.

Finansierer med AirBnB

Den yngre generasjonen vil ha nærleik til aktivitetar, butikkar og restaurantar, fortel Svendsen-Rosendal. Med hektiske liv i byane, tek dei kvalitetstid for å vera sosiale med familie og eller vener på fjellet. I tillegg er delingsøkonomien i vinden.

Mange nyttar AirBnB, som ein måte å finansiere hytta gjennom utleige, seier han til avisa.